lørdag 23. oktober 2010

Om hårfarge

Høvdingen fann den første gråe håret til Frua. Vi sat på ein buss i Italia, Frua var bussjuk og kvalm og det gråe håret han nappa ut gav ikkje noko løft. Så stogga utviklinga opp, men da Storesyster døydde spruta det fram gråe hår over heile hovudet til Frua. Far plukka og plukka, men dei vaks ut att.
Det vart mange år med farging, og ymse variantar av raudt og brunt vart prøvd ut. For nokre år sidan var det nok, og no vert Frua gradvis gråare og gråare. Håpet er å framstå som rein platinablond innan femtiårsdagen. Det er ikkje vanskeleg å vera grå, det vanskelege var først å finne ein frisør som kunne hjelpe til med attendestillinga til naturleg farge og å få aksept blant venninner på at det er ok å sjå halvgamal ut.
For ja, Frua kunne sikkert passert som fleire år yngre om håret hadde vore flammande raudt eller mjukt kastanjefarga. Istaden er ho gråmelert som eit nyste av finaste tweedgarn.
Sjølvsagt prøver vi oss, både Frua med manglande hårfarge og Høvdingen med vikande lugg å gje dei søte små skuldkjensle for utviklinga. For, det er så lett å seie noko slikt som åh, du gjev meg gråe hår, eller eg bekymrer meg slik at eg mister håret.
I går, medan vi sat i sofaen, og var vener og vel forlikte kom dette opp. Det hender jo dei søte små nemner dette med tidas tann og at det utvilsamt går rakt nedover med oss eldste i huset. Og atter ein gong prøvde Frua seg på argumentet om at gråe hår får ein av unger som maser.
Da small Queenie til; du må ikkje seie slikt mamma, eg kan få varige sår i sjela. 

2 kommentarer:

  1. ho, ho! Det er av sine egne man skal få høre det. Jeg har også mange grå hår, men er ikke klar for å bli grå enda. Det er vel en prosess, tror jeg. Derimot har jeg funnet ut at hjemmefargingens tid er forbi, for det blir sjeldent lekkert når du blir gråere og gråere. Så nå er det å steppe opp hos frisøren med jevne mellomrom - enn så lenge.

    SvarSlett
  2. HH: det er helt klart en prosess, her tok det mange år og det ehnder jeg angrer og leser vakre annonse rom hårfarging og evig ungdom. Hittil har jeg holdt meg hard.

    SvarSlett